ny sensor kan oppdage fall hjå eldre

Halvparten av alle eldre over 80 år, og om lag 30 prosent av alle over 67 år ramlar minst ein gang i året i Noreg i dag.

Dette viser tal frå kompetansesenteret for bevegelsesvansker og fall på St. Olavs hospital.

Vidare viser statistikken at halvparten av tilfella skjer heime, eller i nærleiken av heimen. Når eldre dett, kan liv og helse stå i fare. Etter eit fall treng 40–60 prosent av dei eldre medisinsk behandling, og 13 prosent av falla resulterer i brotskadar.

Men ikkje alle får hjelp med ein gong, og rundt 10 prosent ligg meir enn ein time og ventar på hjelp. Fall med skade tidoblar også sjansen for å hamne på sjukeheim.

No kan ein ny fallsensor utvikla ved NTNU sørgje for at ein kan få raskare hjelp om ein skulle vere uheldig å ramle, noko som aukar prognosen for rehabilitering.

Unik radarløysning

Bak utviklinga av den nye fallsensoren står fem studentar frå NTNU.

Deira løysning består av diskrete, nærast usynlege rørslesensorar som vert montert i veggane heime hos ein brukar.

Sensorane, som er basert på radarteknologi frå Novelda, kan fange opp rørsler med opptil fire millimeter presisjon, og fangar opp rørsle i mørkret og gjennom møblar og lette veggar.

Dette gjer det mogleg å fange opp fallrørsler. Sensorane kan likevel kun «sjå» rørslene, og ikkje kven som er i rommet, slik at brukaranes personvern vert ivareteke.

– Vårt system fungerer slik at om brukaren dett, vil sensorane registrere dette og sende ein alarm til helsetenesta i kommunen på same måte som tryggleiksalarmar i dag, seier Fredrik Bergflødt, ein av studentane bak sensoren.

I tillegg forsøker dei å legge til funksjonar der ein registrerer aktiviteten til brukaren over ei viss tid.

– Endring i rørslemønsteret kan seie noko om risikoen for å falle, slik at vår løysning også kan nyttast til å forutsjå fall, seier Bergflødt.

Behov for teknologi

Studentane trur at mange av skadane etter fallepisodar kunne vore redusert eller unngått om eldre som dett hadde fått raskare hjelp.

– I tillegg gjer eldrebølgja sitt til at det ikkje vil vere nok ressursar i helsesektoren til å følgje opp eldre på same måte som i dag. Vi kjem rett og slett til å trenge hjelp frå teknologien til å sørgje for at eldre får den omsorga dei treng og har krav på, seier Kristina Hoff Wanderås.

Leave a Comment