barn av eldre fedrar blir oftare psykisk sjuke

Stadig fleire blir far i godt vaksen alder. No viser ein ny studie av forskarar ved Karolinska Institutet i samarbeid med Indiana University at eldre fedrar kan gi høgare risiko for psykiske sjukdommar hos barn enn det som er vist i tidlegare studiar.

Forskarane har sett på tal for alle svenskar fødd i åra mellom 1973 og 2001, og sett på om det finst ein kopling mellom stigande alder hos far og psykiske diagnosar og lærevanskar hos barnet.

Blant diagnosane som forskarane såg på var autisme, ADHD, bipolar liding, schizofreni, sjølvmordsforsøk og narkotikamisbruk.

Samanlikna med barna til ein 24- år gammal far hadde barn av 45-årige fedrar 3,5 gongar høgare risiko for å få autisme, 13 gongar høgare risiko for ADHD, og heile 25 gongar så stor sjanse for å ha bipolar liding.

Dette er nokre av funna i studien som er publisert i JAMA Phyciatry.

Risiko steig i takt med alder

– Funna overraska oss, seier ein av forskarane bak studien, Brian D’Onofrio ved Department of Psychological and Brain Sciences ved Indiana University Bloomington i USA, i ei pressemelding.

–Vi finn risikoaukingar som er svært mykje større enn det ein har funne tidlegare, fortel medforfattar Paul Lichtenstein ved Karolinska Institutet til NRK.no.

Årsaka til at tidlegare studiar har vist ein mindre risiko, er etter forskarane si meining at det er er to ulike effektar som dreg i kvar si retning når det gjeld alder til far.

– Årsaka er at eldre fedrar antakeleg gir eit betre sosialt miljø, blant anna ved at barn av eldre fedrar har betre utdanning. Så her finst to motsette effektar, eldre fedre gir betre sosialt miljø, men har eit aukande tal mutasjonar. Når vi kontrollerer for familiemiljø blir derfor effektane større enn ein tidlegare har sett, seier Lichtenstein.

For dei fleste av desse sjukdommane steig risikoen i takt med aukande alder på far, og forskarane fann altså inga aldersgrense ein bør vere særskilt merksam på.

Genmutasjon er hovudhypotese

Forskarane trur at feil som skjer i celledelinga, såkalla genmutasjonar, kan forklare kvifor det er slik at eldre fedrar får barn med større risiko for sjukdom.

– Hovudhypotesen er at kvar gong ein spermie blir produsert skjer det ei celledeling som aukar sannsynlegheita for nye mutasjonar. Jo eldre ein blir, desto fleire celledelingar har skjedd, seier Paul Lichtenstein til NRK.no.

Sjølv om ein finn store risikofaktorar på gruppenivå, åtvarar Lichtenstein om å tru at alle barn av eldre fedrar automatisk får nokre av desse problema.

– I staden bør ein sjå på denne kunnskapen som ei hjelp for enkeltpersonar til å fatte medisinske og sosiale avgjerder, seier han.

– Slik det er no tar familien ei avgjerd basert på mors alder. Vi ventar med å få barn til mammaen nærmar seg 40-års-alderen, men så begynner den biologiske klokka å tikke og ein bestemmer seg for å planleggje familie. No må ein kanskje også begynne å ta pappaens alder med i avgjerda, seier Lichtenstein.

– Betydeleg risikoauke

Professor Pål Richard Romundstad ved Institutt for samfunnsmedisin ved NTNU synest funna i studien er svært interessante, og at forskarane har klart å ta ut dei fleste faktorar som skuldast genetiske og miljømessige forskjellar mellom familiar.

Han meiner det no er heilt tydeleg at den auka risikoen har å gjere med fars alder, og ikkje til dømes forklaringar som type personlegheit hos menn som veljer å bli fedre seint.

– Men potensialet for førebygging på samfunnsnivå er nok ikkje veldig stort, meiner Romundstad.

– Ein auka risiko på 25 gongar normal risiko for bipolar liding representerer ein betydeleg risikoauke, det er nesten så ein ikkje kan tru det. Det er ikkje noko å kimse av. Men dette er vanskeleg å førebyggje. Då må ein prøve å få barn i yngre alder, seier Romundstad.

Førebygging vil berre vere mogleg dersom det er noko ved endring i miljøet over tid i familien til eldre fedre som gir auka risiko, og som ein kan gjere noko med.

Romundstad meiner at studien ikkje har fullstendig utelate at miljø kan vere ein del av forklaringa.

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>